TONAR I HAUSTEN i Strandebarm med Hardanger KorAkademi
HARDANGER KORAKADEMI inviterer til «TONAR I HAUSTEN»-KONSERT i STRANDEBARM KYRKJE
søndag 15.november kl.12.00 saman med Per-Arild Skorgen-piano, Ole Amund Gjersvik-bass,
Arild B.Nielsen - trompet/ perkusjon & dirigent NINA PEDERSEN
Billettar via TicketCo og eventuelle restbillettar ved inngong
Vaksne kr.250,- / Studentar kr.100,- / Born 0-16 år fri entré
Hardanger KorAkademi møtte sin nye dirigent Nina Pedersen i september-25, og vi gleder oss over å kunne invitere til konserten "Tonar i hausten" saman med Nina og musikarane vi tidlegare har hatt mange samarbeid med. Konsertprogrammet spenner om fleire genrar, frå notid og fleire av kor-epokane våre. Noko vert framført noko acapella, noko ved kor & band og noko ved band solo. Og heile programmet vert bunde saman med dikt om hausten.
Hardanger KorAkademi feira 15 årsjubileum i november 2024- her sett frå galleriet i Jondal kyrkje før konsert.
Hardanger KorAkademi er eit prosjektbasert regionskor, og songarar er velkomne til også å vere med som seminardeltakarar ved enkelthelger. Ta kontakt, sjå info på www.hardangerkorakademi.no, om du kan tenkje deg å vere med på seminar eller som kormedlem.